Dorotea kommune er ein svensk kommune som ligg i Västerbottens län i landskapa Lappland , Jämtland og Ångermanland . Dorotea kommune har grenser mot nabokommunane Vilhelmina og Åsele i Västerbottens län, Sollefteå i Västernorrlands län og Strömsund i Jämtlands län . Administrasjonssenter i kommunen er tettstaden Dorotea , som har fått sitt namn etter dronning Frederika Dorothea Wilhelmina , gemalinna til Gustav IV Adolf . Kommunen er den tredje minste kommunen i Sverige etter folketal.[ 2]
E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.
Administrativ historikk
Kommunane Vilhelmina , Åsele og Dorotea vurderte i 2006 ein samanslåing til éin stor kommune. I februar 2007 vart det klart at det ikkje kom til å bli danna nokon storkommune.[ 3]
Tettstader
Dorotea kommune hadde berre ein tettstad i 2005 .
Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005 .
Jernbanestasjonen i Dorotea.
#
Tettstad
Innbyggjarar
1.
Dorotea
1 571
Andre mindre tettstader i Dorotea kommune
Folketalsutvikling
Folketalsutviklinga i Dorotea kommune
År
Innbyggjarar
1970
4 099
1980
3 972
1990
3 752
2000
3 353
2008
2 914
Kjelder