Robertsfors kommune ligg ved Bottenvika i det svenske länet Västerbottens län i Västerbotten. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Robertsfors. Robertsfors grensar i nord til Skellefteå kommune og i vest og sørvest til Umeå kommune.
Kommunen har lågt og skogkledd landskap med innslag av myr, og eit meir kupert landskap i nordvest. I aust er det oppstykka kystlandskap mot Austersjøen.[2] Største vassdrag er Rickleån.
E4 går gjennom kommunen.
Robertsfors kommune hadde tre tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[3]