Sverige er i dag inndelt i 21 ulike «län» (len, fylke). I kvart len finst det eit landsting som i hovudsak har ansvar for helsevesenet. Regjeringa er representert ved länsstyrelsen. Kvart len har ein residensby.
Finland har òg halde på lensinndelinga og har i dag seks len — sjå len i Finland.
Historie
Birger jarl og Magnus Ladulås etablerte slottslen på den tida at den svenske leidangen vart endra til fast skatt. Det fanst òg underhaldslen for medlemmer av kongefamilien og pantelen ved lån frå privatpersonar til den svenske krona, i tillegg til tenestelen som vart bytte mot militære tenester.
Lena vart omorganiserte gjennom regjeringsreforma av 1634. Den opphavlege lensinndelinga finn vi att i dei svenske landskapa.
Len i Sverige
Tidlegare len i Sverige
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff