Landskapet er prega av kollar (av granitt og gneis) som fell bratt ned mot låglandet omkring. I låglandet er det mykje skog og myrmark. Indalsälven har fleire store fossar i løpet sitt gjennom kommunen, som Hammarforsen, som oppstod i 1796 då elva tok nytt far under vårflaumen og tømde den store Ragundasjön. Indalsälven og sideelva Ammerån har grave seg djupt ned og danna ravinar i sedimenta.
Kommunen har hatt ein jamn nedgang i folketalet sidan 1960-åra, og folkesetnaden er i gjennomsnitt eldre enn i landet som heilskap. Det er mykje kraftproduksjon i kommunen, og elles finn ein jord- og skogbruk, samt noko industri, til dømes treforedling.
Neste kommunereform vart gjennomført i 1974, og då vart den noverande Ragunda kommun oppretta gjennom samanslåing av Fors, Stugun og gamle Ragunda.
Kommunevåpenet
Blasonering: På sølvfarga bakgrunn, eit blått tre ovanfor fire bølgjer i blått og sølv, samt to raude lynglimt som er vende oppover og går i kross bak treet.[1]
Dette våpenet vart fastsett for Fors landskommun i 1958. Ved samanslåinga vart Ragunda vald som namn, men Fors fekk bruke våpenet, og dette vart registrert for den nye kommunen hjå Patent- och registreringsverket.[2] Også Stuguns landskommun hadde eit vapen, frå 1947, men det vart gjort ugyldig.
↑«I fält av silver en av vågskura bildad stam, fyra gånger vågskuredelad av blått och silver, samt däröver två framkommande, uppåtriktade röda blixtar i kors, överlagda med en blå tall».