Storpolske voivodskap (polskwojewództwo wielkopolskie eller berre Wielkopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg vest i sentrale delar av landet. Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Poznań, Kalisz, Konin, Piła og Leszno. Provinsen er kalla opp etter den historiske regionen kalla Storpolen eller Wielkopolska. Det moderne voivodskapet inneheld det meste av denne historiske regionen bortsett frå nokre mindre område i sørvest.