Masoviske voivodskap (polskWojewództwo mazowieckie eller berre Mazowieckie) er den største og mest folkerike av dei 16 voivodskapa i Polen. Det ligg sentralt i landet og har eit areal på 35 566 km² og 5,5 millionar innbyggjarar. Den største byen er Warszawa (1,7 mill) og andre store byar er Radom (226 000) i sør, Płock (127 000) i vest, Siedlce (77 000) i aust og Ostrołęka (55 000) i nord. Warszawa er hovudstad både i voivodskapet og i landet.
Historie og geografi
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Warszawa, Płock, Ciechanów, Ostrołęka, Siedlce og Radom. Provinsen har namn etter den historiske regionen Mazowsze (stundom kalla Masovia på andre språk). Den sørlege delen av voivodskapet med byen Radom høyrer historisk til Malopolska.
Masoviske voivodskap er delt inn i 42 fylke (powiat), der det er 5 byfylke og 37 landfylke. Desse er igjen delt inn i 314 gmina eller kommunar, der 85 av desse er urbane.