Kujaviskpommerske voivodskap (polskwojewództwo kujawsko-pomorskie eller berre Kujawsko-Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg midt i den nordlege delen av Polen på grensa mellom dei to historiske regionane som han har fått namn etter: Kujavia (polsk Kujawy) og Pommern (polsk Pomorze).
Historie og administrasjon
Kujaviskpommerske voivodskap vart danna 1. januar 1999, ut av dei tidlegare voivodskapa Bydgoszcz, Toruń og Włocławek.
Funksjonane som regionshovudstad er fordelt på dei to byane Bydgoszcz og Toruń. Bydgoszcz er sete for den sentralt utpeikte guvernøren eller voivoden, medan Toruń er setet for den valde regionsforsamlinga eller sejmik.