Byggverket er i murstein og kyrkja har 600 plassar. Tidlegare har det vore ei mindre kyrkje på staden, men denne vart riven i 1885. Den nye kyrkja vart i hovudsak bygd etter teikningane frå Asker kyrkje. Kyrkja vart innvigd 24. november 1886. I slutten av 1960-åra vart veggane til kyrkja grundig restaurerte både inn- og utvendig.[3]