Andebu kyrkje ligg i Andebu, Høyjord og Kodal sokn i Andebu i Sandefjord kommune. Ho er ei steinkyrkje frå 1100-talet med eitt skip og eit kvadratisk kor. Kyrkja har omtrent 300 sitteplassar. Orgelet i kyrkja er frå 2008.
Kyrkja låg tidlegare i Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.[3]