Bugården kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1980 i Sandefjord kommune i Vestfold.
Kyrkja har 350 plassar i sjølve kyrkjesalen. Dette kan utvidast til 650. Hans Gerhard Sørensen har laga glasmåleri i korveggen, og Thorbjørn Danielsen har laga eit krusifiks av gamle orgelpiper.
Det er ikkje kyrkjegard på staden.