Stange kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1200-talet i Stange kommune kommune i Innlandet fylke. Ho avløyste i si tid ei enda eldre steinkyrkje. I 1620 slog lynet ned, og mellomalderinventaret brann opp. Kyrkja vart utvida med ein ny fløy mot nord i 1703, den såkalla «Nykyrkja», oppført dels med stein frå domkyrkjeruinane på Hamar. Våpenhuset i vest er frå tidleg på 1800-talet, og i 1928 fekk kyrkja glasmåleri laga av Gabriel Kielland. Mange kjenner Stange kyrkje frå eit bilete måla av Harriet Backer.
Berg, Sigmund Rye, red. (2000). Stange kirke gjennom 750 år. Stange menighetsråd. ISBN82-995534-0-7.
Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 58-61. ISBN82-91399-09-3. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 641. ISBN82-75-27022-7.
Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 148-149. ISBN82-521-4500-0. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)