Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta.[1] Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld.[1] Området var skilt ut frå Hedemarken prosti.[1] Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.[1]
Tidslinje
1864 - Oppretta som Hamar stiftsprosti, bestod av Vang prestegjeld[1]
1908 - Dei nyoppretta Hamar prestegjeld og Furnes prestegjeld vart del av prostiet[1]
1972 - Hedmark prosti vart lagt ned og prestegjelda Nes, Ringsaker, Brøttum, Veldre, Løten, Romedal og Stange vart innlemma i Hamar Domprosti.[2]
1987 - Stange prestegjeld vert delt, Ottestad sokn vert skilt ut som Ottestad prestegjeld.[3]
2007 - Ringsaker prosti vart oppretta og sokna i Ringsaker vart overført frå Hamar Domprosti til det nye prostiet.[4]
Sokn
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.