Hulda Bergersen var frå Stange på Hedmarka. Faren dreiv storgarden Såstad, men hadde store alkoholproblem, og mora flytta etter kvart ut med Hulda og dei to søstrene hennar. Dei busette seg på Hamar.
Som ung jente flytta Hulda til Kristiania, der ho blei oppteken av arbeidarrørsla og norsk nasjonsreising, mellom anna målsaka. Ho var òg interessert i skodespel, og ville bli skodespelar. Men familien mangla pengar, og ho fekk seg butikkjobb i staden. Butikken ho arbeidde i, var eigd av brørne Dobloug, som var radikale for den tida – nasjonalistiske venstretilhengjarar. Dei var dei første som selde reine norske flagg, utan unionsmerke.
Hulda gifta seg borgarleg med Arne Garborg i 1887, og brende samstundes det ho hadde skrive av dikt og småstykke. Seinare tok ho likevel pennen fram att, og gav ut si første bok i 1892, romanen Et frit Forhold. Etter dette skreiv ho mange bøker, sakprosa, romanar og skodespel, og ho veksla mellom å skriva på bokmål og nynorsk. Eit av skodespela hennar, Rasjonelt fjøsstell, er blitt så ofte sett opp av bygdeungdomslag over heile landet at det er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie.
Etter at dei hadde gifta seg, hadde Hulda og Arne busett seg i Kolbotn i Østerdalen. I 1897 flytta dei til Labråten, som blei hovudheimen deira i fleire tiår. Hulda budde her resten av livet, også då Arne drog tilbake til Jæren. Labråten vart ein sentral møtestad for den såkalla «Askerkretsen», eit intellektuelt og kulturpolitisk miljø.
Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen.
Ho var mellom anna engasjert i å verna den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne dansa i, inspirert av gamle folkedrakter. Dette blei opphavet til mange moderne bunader, og Garborg har fått mykje av æra for den fortsette bruken av dei norske folkedraktene. Huldadrakta er ei forenkling av hallingdrakta. Tradisjonelt norsk matstell var eit anna emne ho interesserte seg for, Heimestell er ei av dei mest selde norske kokebøkene nokosinne.
I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret, med Hulda som styreformann. Ei byste av henne står nå på teateret.
Fleire hus står igjen etter diktarparet, der særleg husa i Kolbotn og Labråten kan knytast til begge. I september 2012 opna kulturministeren Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein formidlingsarena for å fremja interessa for deira tankar og visjonar. Målet skal vera å inspirera til samfunnsengasjement, å lesa og skapa, samt vera ein sosial møteplass.