«Spinning Around» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue for det sjuande studioalbumet hennar, Light Years (2000).
Informasjon
«Spinning Around» vart skriven av Ira Shickman, Osborne Bingham, Kara DioGuardi og Paula Abdul, og produsert av Mike Spencer. Minogue seinare spila inn songen for det sjuande studioalbumet hennar, Light Years (2000). Songen var den første utgjevinga hennar hjå Parlophone, og den første singelen frå albumet hennar. Songen vart utgjeve 19. juni 2000 og nådde fyrsteplass på både britiske og australske hitlister.
Komposisjon
«Spinning Around» er musikalsk ein dansepopsong med mykje discopåverking. Rytmen er sett i vanleg tid og rører seg i eit tempo på 120 slag per minutt.
Musikkvideo
Musikkvideoen viser Minogue danse på ein nattklubb i bittesmå gylne hotpants. Videoen fekk mange positive meldingar, og har vorte ein av dei mest ikoniske videoane hennar.