Eartha Kitt gjorde fleire innspelingar av songen. Den første blei utført med Henri René og hans orkester i New York i juli 1953. Ho blei gjeven ut av RCA Victor Records med katalognummer 20-5502 (i USA)[1] og av EMI på merket His Master's Voice label som katalognummer B 10728. Songen var ein stor hitt for Kitt, som tok han opp att i filmen New Faces frå 1954. I endå ei innspelling for Kapp Records i 1963 brukte ho eit raskare tempo (Madonna si populære innspeling frå 1987 frå velgjerdsalbumet A Very Special Christmas følgjer denne versjonen). Kitt spelte også inn ein oppdatert versjon av songen 1954 med ny tekst og tittelen «This Year's Santa Baby», utan å oppnå kommersiell suksess.
I desember 2000 nådde Kylie Minogue sin versjon av songen 76. plass på den britiske topplista gjennom nedlastingar. Songen var først blitt gjeven ut som ei b-side til singelen «Please Stay». 23. desember 2010 sleppte Kylie ein musikkvideo for «Santa Baby» på YouTube. Song var også med på julealbumet hennar Kylie Christmas frå 2015. Minogue sin versjon av songen er med i filmen The Holiday frå 2006.
I 2011 spelte Michael Bublé inn ein versjon av songen med noko endra tekst for julealbumet sitt Christmas. Teksten er omforma til å bli sungen av ein mann, med formuleeringar som «Santa buddy» og «Santa pally».