«Joe's Garage» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på albumet Joe's Garage Act I. Songen vart gjeven ut som singel. Etter introsporet, «The Central Scrutinizer» starta denne songen soga på Joe's Garage. Trass i at singelen ikkje gjekk inn på salslista, vart det ein av dei mest spelte songane til Zappa på FM Radio. Songen vart framført på konsertane hans frå 1980 til 1988, i lag med songen «Why Does it Hurt When I Pee?». Singelversjonen av songen manglar mange av spesialeffektane som albumversjonen har. Singelversjonen av «Joe's Garage» vart gjeven ut på samleplata Strictly Commercial.[1]
Soga
Songen introduserer hovudkarakteren Joe og bandmedlemmet Larry Fanoga. Han forklarer at Joe, Larry og venene deira startar eit band i garasjen til Joe og splear den same, enkle songen om att og om att. Dette var ein slags parodi av dei mange garasje- og punkbanda på denne tida. Dei starta å spele denne eine songen i ein go-go bar og etter kvart vart den repeterande musikken deira god nok til at dei fekk tilbod om ein plateselska, men av uklåre årsaker gjekk bandet frå kvarandre kort tid etter. Etter kvart spelar dei så høgt i garasjen at politiet kjem til dei. Det vert forklart at dette er første gongen Joe møter rettsvesenet («Joe's first confrontation with the law»), og impliserer at han seinare i soga vil få meir trøbbel med politiet. Politiet let han gå, men seier at han bør halde seg til meir kyrkje-orienterte aktivitetar («stick to church oriented activities»), ein kommentar om korleis vaksne på denne tida følte at religion ville reinse ein for dei vonde syndene rocken førte med seg. Denne linja levert av the Central Scrutinizer introduserer òg den neste songen på albumet, «Catholic Girls».[2]
[3]
Overture
Songen indikerer musikkstilane som vart nytta seinare på albumet, som bjøllene på «Why Does it Hurt When I Pee?», nokre merkelege gitarlinjer i «He Used to Cut the Grass», og linja «It makes its own sauce if you add water», som dukkar opp att i songen «Crew Slut.» Dette gjer at songen vert ein slags overture for albumet.
Tema
Det underliggande temaet i songen, og for heile albumet, var basert på hatet Zappa hadde mot sensur, misbruket til plateselskap på denne tida, og band utan talent som vert kjende. Songen hadde ein meir kommersiell stil enn dei fleste andre songane på albumet fordi han var tenkt som singel, i tillegg som hovudsongen på albumet.[4][5]
Konsertversjonar
På konsertar vart songen ofte spelt i eit høgare tempo og hadde fleire interne vitsar som ein del av teksten.[1]
Innhald
7" version
A. «Joe's Garage» - 6:10
B. «Catholic Girls» - 4:26[6]
Kjelder
|
---|
Album |
1960-åra |
Freak Out! · Absolutely Free · Lumpy Gravy · We're Only in It for the Money · Cruising with Ruben & the Jets · Uncle Meat · Mothermania · Hot Rats |
1970-åra |
Burnt Weeny Sandwich · Weasels Ripped My Flesh · Chunga's Revenge · Fillmore East – June 1971 · 200 Motels · Just Another Band from L.A. · Waka/Jawaka · The Grand Wazoo · Over-Nite Sensation · Apostrophe (') · Roxy & Elsewhere · One Size Fits All · Bongo Fury · Zoot Allures · Zappa in New York · Studio Tan · Sleep Dirt · Sheik Yerbouti · Orchestral Favorites · Joe's Garage Act I · Joe's Garage Acts II & III |
1980-åra |
Tinseltown Rebellion · Shut Up 'n Play Yer Guitar · Shut Up 'n Play Yer Guitar Some More · Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar · You Are What You Is · Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch · The Man from Utopia · Baby Snakes · London Symphony Orchestra, Vol. I · Boulez Conducts Zappa: The Perfect Stranger · Them or Us · Thing-Fish · Francesco Zappa · The Old Masters, Box I · Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention · Does Humor Belong in Music? · The Old Masters, Box II · Jazz from Hell · London Symphony Orchestra, Vol. II · The Old Masters, Box III · Guitar · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 · Broadway the Hard Way · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 |
1990-åra |
The Best Band You Never Heard in Your Life · Make a Jazz Noise Here · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 5 · You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 · Playground Psychotics · Ahead of Their Time · The Yellow Shark |
(posthumt) 1990-åra |
Civilization Phaze III · The Lost Episodes · Läther · Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute · Have I Offended Someone? · Mystery Disc · Everything Is Healing Nicely |
2000-åra |
FZ:OZ · Halloween · Joe's Corsage · Joe's Domage · QuAUDIOPHILIAc · Joe's XMASage · Imaginary Diseases · MOFO (Deluxe 4-Disc) · MOFO (2-Disc) · Trance-Fusion · Buffalo · The Dub Room Special! · Wazoo · One Shot Deal · Joe's Menage · Lumpy Money · Philly '76 |
2010-åra |
Greasy Love Songs · Congress Shall Make No Law... · Hammersmith Odeon · Feeding the Monkies at Ma Maison · Carnegie Hall · Understanding America · Road Tapes, Venue #1 · Finer Moments · Baby Snakes: The Compleat Soundtrack · Road Tapes, Venue #2 · A Token Of His Extreme · Roxy by Proxy · Joe's Camouflage |
|
---|
Andre utgjevingar | |
---|
Singlar | |
---|
Andre komposisjonar | |
---|
Filmar | |
---|
Familie | |
---|
Ande artiklar | |
---|
|