Treet blir 30–40 meter høgt, med ein stammediameter på inntil 1,5 meter. Nålene kan bli 11 cm lange, sit i klasar på fem, og er grøne. Konglene er harde og inntil 16–20 cm lange. Dei har frø med tynne venger som blir spreidde anten med vinden eller ved hjelp av nøttekråker. Borken er fura med små skjold av borkskjel, brungrå eller mattgrå i fargen.
Arten veks i høgareliggjande strøk og toler temperaturar ned til −45 °C. Den er ein populær hage- og parkart.
I den norske Framandartslista er arten vurdert til låg risiko på grunn av avgrensa invasjonspotensial og ingen kjend økologisk effekt.[1]