Shirley Strickland
Shirley Barbara Strickland de la Hunty (18. juli 1925–11. februar 2004) var ein australsk friidrettsutøvar som tevla i sprint og hekkeløp. Ho vann tre olympiske gullmedaljar og i alt sju medaljar i tida 1948-56. Strickland, som var frå småbyen Northam i Vest-Australia sikra seg bronsemedaljane på både 100 meter og 80 meter hekk under Sommar-OL 1948 i London. Ho var også med på det australske stafettlaget som kom på andreplass på 4 x 100 meter stafett, bakom Nederland. To år seinare vann ho tre gull og to sølv under Samveldeleikane 1950 i Auckland. Same året gifta ho seg med geologen Lawrence de la Hunty. Under sommarleikane 1952 i Helsinki vann Strickland 80 meter hekk, og som i 1948 vart det bronse på 100 meter. Då sommarolympiaden 1956 fann stad i Melbourne i november/desember, forsvarte ho meistertittelen på 80 meter hekk og ho sprang startetappen for Australia sitt lag som vann gull på 4 x 100 meter stafett med verdsrekordtida 44,5 sekundar. Stricklands personlege rekordar var 11,3 og 24,1 på høvesvis 100 m og 200 m. På 80 meter hekk fekk ho notert 10,89 sekundar elektronisk, manuelt 10,7. Ho døydde i Perth i Vest-Australia. Kjelder
|