Runar Borge
Runar Borge (fødd 4. juni 1946) er ein norsk dansar, koreograf og regissør frå Drammen. Borge har utdanning i ballett og teater frå London, København og Stockholm og var profesjonell dansar i åtte år før han vart koreograf og instruktør. Han har vore fast tilknytt Det Norske Teatret, men har hatt oppdrag på dei fleste teatera i Noreg, inkludert Den norske operaen. Hans fyrste dansejobb var i Spelemann på taket på Det Norske Teatret i 1968. Han har òg spelt i Göteborg, Stockholm, London og Los Angeles. Borge har stått bak meir enn 50 førestillingar, blant andre A Chorus Line, Billy, Cats, Den spanske flue, Funny Girl, My Fair Lady, Operafantomet, Piaf, Sugar, Ungen og West Side Story. Runar Borge har som regissør teke i bruk dans i ei stor mengd teateroppsetningar og musikalar og har dermed gjort dans til ein tydeleg del av norsk teater både i store og små produksjonar. Han tilpassar koreografi til førestillingane på ein måte som inkluderer dansen i stykket og var den fyrste som fekk laga ny koreografi til musikalen Cats. Prisar og utmerkingar
Kjelder
Referansar |