Musikalen krinsar om kjærleikshistoria mellom Tony og Maria. Tony er med i ungdomsgjengen Jets, og forelskar seg i Maria, som er syster av leiaren av den rivaliserande puertoricanske gjengen Sharks. Dei to unge prøver at stoppa hatet mellom gjengane. Det lykkast ikkje, og historia endar med fleire drepne i begge gjengane.[1]
Leonard Bernstein sin musikk til West Side Story er blitt særs populær. Blant dei meste kjente songane kan nemnast «Maria», «America», «Tonight», «Something's Coming» og «I Feel Pretty». West Side Story hadde premiere på Broadway den 26. september 1957, og blei oppført 732 gangar, før han drog på turné i heile USA. Etterpå blei han nyoppført i London i England, og i 1961 blei han spelt inn som film.[1] Sidan er han blitt oppført ei rekkje gonger verda over.
Fyrste gong han blei framført i Noreg var i 1962 på den Norske Opera (no Folketeateret) i ei utanlandsk turnéforestilling. Fyrste gong han blei framført på norsk var i 1965 på Det norske teatret. Leonard Bernstein kom sjølv for å vera til stades på den norske premieren. Musikalen blei spilt på Det norske teatret igjen i 1982. Førestillinga har også blitt framført på Chateau Neuf i 1990, Trøndelag Teater i 1997, Oslo Nye Teater i 2006[2] og i Kilden teater- og konserthus i 2012.[3]