Bernstein kom frå ein jødisk familie frå Rivne i Ukraina. Han vart fødd i Lawrence, Massachusetts og fekk opphavleg fornamnet Louis, etter at bestemora hadde insistert på dette namnet. Foreldra kalla han likevel alltid Leonard og dei endra offisielt namnet då han var 15 år gamal. Faren Sam, som var forretningsmann, var i utgangspunktet ikkje så begeistra for sonen sine musikalske ambisjonar, men tok han likevel med på konsertar. Etter å ha høyrt pianomusikk i tidleg alder, vart Bernstein svært fascinert og tiltrekt av dette. Han fekk utdanning ved The Boston Latin School i piano og latin i 1934, han begynte deretter ved Harvard University der han studerte musikk med Walter Piston. Deretter gjekk han ved The Curtis Institute of Music og tok eksamen i dirigering i 1939.
I 1940 deltok han for første gong på Boston Symphony Orchestra sitt sommarinstitutt, Tanglewood, og han kom til å vere her i ei rekkje år saman med dirigenten og grunnleggjaren Sergej Koussevitskij.
Bernstein si siste framsyning som dirigent skulle vise seg å vere nett ved Tanglewood, heile 50 år etter at han var der første gong. I 1987 vart han tildelt den prestisjetunge Ernst von Siemens’ musikkpris.
Privatliv
Som ung mann i New York, levde Bernstein for si tid ganske ope som homofil, men etter eit stormfullt og intenst forhold, gifte han seg 9. september 1951 med den chilenske skodespelaren Felicia Montealegre Cohn. Dei fekk barna Jamie (1952), Alexander (1955) og Nina (1962).
Det blei hevda at ekteskapet skal ha vore motivert med ynsket om å unngå sladder og blidgjere det konservative styret for Boston Symphony Orchestra då Bernstein søkte dirigentstillinga. Men Bernstein skal ha hatt eit oppriktig, kjærleg og harmonisk forhold til ektefellen og dei to var gifte så lenge ho levde. Ikkje dess mindre hadde han ein del skjulte utanomekteskaplege kontaktar og budde ein periode hjå vennen Tom Cothran, men han flytta tilbake til ektefellen då ho fekk lungekreft, og budde saman med henne heilt til ho døydde.
Dirigent
Kort tid etter at Bernstein hadde blitt tilsett som assisterande dirigent ved New York Philharmonic Orchestra, måtte han debutere 14. november 1943 på svært kort varsel og utan noka øving med orkesteret, då dirigenten Bruno Walter brått blei sjuk med influensa. Bernstein blei raskt ein suksess og populær blant publikum og musikarar. Hans popularitet kom raskt, særleg fordi debutkonserten òg blei send på radio over heile USA.
Solisten var Joseph Schuster, som spelte Richard Strauss sin Don Quixote, eit stykke Bernstein aldri hadde dirigert tidlegare, men Bruno Walter instruerte han i framkant av konserten. Konserten finst på CD.
Hans siste framsyning som dirigent var ved Tanglewood den 19. august 1990, med Boston Symphony Orchestra som spelte Benjamin Britten sin Four Sea Interludes og Ludwig van Beethoven sin Symfoni nr. 7 i A-dur.
Komponist
Eitt av Bernsteins mest kjende verk er musikken til musikalenWest Side Story, men han har ein stor og brei produksjon, som musikalen On the Town, operettenCandide, operaenTrouble in Tahiti, songsyklusen I hate Music og tre symfoniar. Blant dei mest sentrale arbeida hans er:
Scenemusikk
Fancy Free (ballett), 1944
On the Town (musikal), 1944
Facsimile (ballett), 1946
Peter Pan (songar), 1950
Trouble in Tahiti (opera i ein akt), 1952
Wonderful Town (musikal), 1953
On the Waterfront (filmmusikk), 1954
The Lark (musikkstykker), 1955
Candide (operette), 1956 (ny libretto i 1973, operetten revidert i 1989)