Rob Halford
Robert John Arthur «Rob» Halford (fødd 25. august 1951) er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett».[1] Halford vart sett på 33. plassen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene.[2] I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette. Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003. Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004.[3] Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.[4] I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun. DiskografiJudas Priest
Fight
2wo
Halford
Som gjesteartist
Kjelder
Bakgrunnsstoff |