Regionen Baskarland fekk status som historisk region i Spania i den spanske grunnlova av 1978. Hovudstaden er Vitoria-Gasteiz (Vitoria er det spanske namnet, Gasteiz det baskiske) og Bilbao er den største byen.
Regionen har om lag 2,2 millionar innbyggjarar og halvparten av desse bur i området rundt Bilbao.
Geografi
Regionen Baskarland er vidare delt inn i tre provinsar:
Området er forma av mange dalar med korte elvar som renn frå fjella og ut i Biscayabukta, som Nervión, Urola og Oria.
Kysten er ulendt med høge klipper og små viker. På kysten finn ein Bilbaobukta og Bilbaoestuaret, Urdaibai-estuaret og bukta Bidasoa-Txingudi som dannar grensa mot Frankrike.
Det sentrale området
Mellom dei to fjellkjedene ligg det høge platået Llanada Alavesa (Álavaslettene) der hovudstaden Gasteiz ligg. Elvane her renn sørover frå fjella til elva Ebro. Dei største elvane er Zadorra og Bayaselva.
Ebrodalen
Frå sørsida av fjella til Ebro, det såkalla Rioja Alavesa, finn ein liknande landskap som andre område av Ebrodalen. Her vert ein del av den kjende Rioja-vinen produsert.
Baskarfjella dannar eit vasskilje og markerer òg grensene for dei klimatiske områda i regionen Baskarland.
Dei nordlege dalane, i Bizkaia og Gipuzkoa og samt Ayaladalen i Álava, er del av Grøne Spania, med maritimt klima. Her er vêret typisk vått året rundt med moderate temperaturar. Den årlege normalnedbøren er om lag 1200 mm.
Den midtre delen har eit meir kontinentalt middelhavsklima, men er òg noko påverka av havet i nord. Dette skapar varme, tørre somrar, men kalde, og snørike vintrar. Ebrodalen har eit reint kontinentalsk middelhavsklima med kalde, tørre vintrar og særs varme og tørre somrar. Det meste av nedbøren kjem her om våren og hausten. Det kjem lite nedbør og uregelmessig, enkelte stader så lite som 300 mm på eit normalår.
Historie
Denne seksjonen omhandlar historia til den autonome regionen etter 1978. Sjå òg Baskarland
Før den spanske grunnlova av 1978 og systemet med autonome regionar vart innført, vart dei tre provinsane i regionen Baskarland på spansk kjende som Provincias Vascongadas. Den politiske strukturen med dei nye autonome regionane vart godkjend av fleirtalet i ei folkeavstemming i regionen den 25. oktober 1979. I dag er regionen ein av dei mest desentraliserte regionane i verda.[2].
I 2003 ønskte styret i det baskiske nasjonalistpartiet å endre denne statsusen gjennom Ibarretxe-planen. Prosjektet vart godkjent av fleirtalet i det baskiske styret, men avslege av eit stort fleirtal i Cortes Generales i Madrid på bakgrunn av at det var i strid med den spanske grunnlova.