Álava (baskiskAraba og offisielt Álava-Araba) er ein provins nord i Spania i den sørlege delen av den autonome regionenBaskarland. Provinsen har kring 300 000 innbyggjarar og eit areal på 2 963 km².
Dei flreste innbyggjarane bur i og rundt hovudbyen Álava Vitoria-Gasteiz (Vitoria på spansk, Gasteiz på baskisk), som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Resten av provinsen er hovudsakleg landsbygd. Provinsen er delt inn i sju fylke (cuadrillas).