Provinsen har eit areal på 7 308 km² og kring 1,7 millionar innbyggjarar. Málaga-provinsen har 100 kommunar. Provinshovudstaden er Málaga; utanom hovudstaden er dei største byane Marbella, Vélez-Málaga, Antequera og Ronda.
Hovudnæringa i provinsen er turisme, særleg langs strendene i Costa del Sol. Desse strendene vert vitja av millionar av turistar kvart år.