Extremadura har eit areal på 41 634 km², og er den femte største autonome regionen i Spania. Han ligg på det sørlege platået, som er ein del av Det sentrale platået i Spania.
Tajo, med to store sideelvar, Tiétar og Alagón, frå høgre og Almonte, Ibor, Salor og Sever frå venstre. Sideelvane frå høgre fører med seg store vassmengder frå Sistema Central der ein får ein del regn og om vinteren store mengder snø.
Guadalquivir sitt nedslagsfelt dekkjer berre 1411 km² av Extremadura (2,45% av totalen).
Duero dekkjer berre 35 km² av Extremadura (0,04% av nedslagsfeltet).
Klima
Extremadura har middelhavsklima bortsett frå i nrod som er meir kontinentalt og ivest der Atlanterhavet medfører mildare klima.
Generelt har regionen særs varme og tørre somrar med tørke og lange, milde vintrar på grunn av nærleiken til Atlanterhavet.
Temperaturar
Den årlege normaltemperaturen varierer mellom 16 og 17 °C. Nord i Extremadura, er middeltemperaturen lågare enn i sør. Om sommaren er middeltemperaturen i juli høgare enn 26 °C, stundom opp mot 40 °C.
Vintrane er milde med dei lågaste temperaturane i fjellområda. Middeltemperaturen om vinteren er 7,5 °C.
I 2006 hadde Extremadura 1 086 373 innbyggjarar. Folketettleiken er låg, 25,81 menneske per kilometer, samanlikna med resten av Spania (84,42).
Den mest folkerike provinsen er Badajoz, med 673 474 innbyggjarar. Med eit areal på 21 766 km² er han den største provinsen i Spania.
Dei viktigaste bysentera er Badajoz (143 748 innbyggjarar), Cáceres (90 218), Mérida (53 915) og Plasencia (39 874).
Historie
Lusitania, ein gamal provins i Romarriket ligg omtrent der Portugal er i dag (bortsett frå området som i dag heiter Norte) og dei vestlege områda av det sentrale Spania, inkludert Extremadura. Mérida (regionsshovudstaden i Extremadura), vart hovudstaden i det romerske Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket.