Tajo (spansk) eller Tejo (portugisisk, latinskTagus, greskTàghos) er den lengste elva på Den iberiske halvøya. Ho har ei lengd på 1038 km, der 716 er i Spania, 47 km dannar grensa mellom Spania og Portugal og dei gjenverande 275 km er i Portugal, der ho munnar ut i Atlanterhavet ved Lisboa. Ho drenerer eit område på 80 100 km² (det nest største nedslagsfeltet på Den iberiske halvøya etter Douro). Ho renn gjennom tronge dalar det meste av lengda si, men etter Almourol renn ho ut i ein langt breiare dal som er utsett for flaum. I dag regulerer Alcantarademningen store delar av elva.
Dei portugisiske regionane Alentejo og Ribatejo har fått namna sine frå elva. Alentejo kjem av Além-Tejo («bortanfor Tejo») og Ribatejo kjem frå Arriba-Tejo («ved breidda av Tejo»).