Alentejo er ein region sør i sentrale delar av Portugal. Namnet kjem av Além-Tejo, som betyr «bortanfor Tejo» eller «på andre sida av Tejo». Regionen grensar til elva Tejo i nord og til Algarve i sør. Han er delt inn i fem underregionar, Alto Alentejo, Baixo Alentejo, Alentejo Central, Alentejo Litoral og Lezíria do Tejo. Dei største byane er Évora (regionshovudstad), Santarém (som tidlegare høyrte til Ribatejo), Portalegre, Beja og Sines. Han hadde 705 478 innbyggjarar i 2018 og eit areal på 31 567 km².
Han er ein av sju regionar i Portugal.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.