Rachel Catharina Helland Grepp (5. mars 1879–24. mai 1961) var ein norsk journalist, politikar og kvinnesaksforkjempar.[1]
Rachel Helland var fødd i Bergen. Ho var dotter av skipsreiar Peter Helland og læraren Marie Elise Wiesener. I ungdomstida blei ho politisk engasjert på venstresida. Ho var med i gymnassamfunnet Hugin, mellom anna saman med sin seinare ektemake Kyrre Grepp. Dei var med på stiftinga av Bergens socialdemokratiske ungdomslag i 1902.
Etter examen artium 1899 studerte Grepp filosofi i København og fransk i Paris, og
tok kurs i pedagogikk ved Universitetet i Oslo 1902. Grepp verka som lærarvikar før ho i 1904
gifta seg med politikaren Kyrre Grepp. Dei fekk fem barn saman. Mellom dei var skodespelaren Ole Grepp (1914–76), journalisten Gerda Grepp (1907–40) og politikaren Asle Grepp (1919–45).
I tida fram til ektemannen døydde i 1922, skreiv ho for hans Vor Tid og for Arbeiderkvinnen.
I perioden 1922-49 skreiv ho for Arbeiderbladet. Ho blei politisk aktiv og sat i Oslo Bystyre for Arbeidarpartiet, i formannskapet 1935. Grepp var vararepresentant til Stortinget 1928-36.[2] Ein kort periode var ho med i Mot Dag.
Grepp sat i styret for Norsk Film A/S frå 1935, og var medlem og formann i styret for Oslo Kino. Ho var òg med i representantskapet for Oslo Filharmoniske Orkester, Nationaltheatret og Folketeatret, i tillegg til fleire andre verv.
Rachel Grepp døydde i Oslo.
Prisar og utmerkingar
Kjelder