Prydzbukta er ei djup bukt i Antarktis mellom Lars Christensen Kyst og Ingrid Christensen Kyst. Delar av bukta vart observert i januar og februar 1931 av norske kvalbåtar og British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE). Ho vart utforska i februar 1935 av den norske kvalfangaren Klarius Mikkelsen på «Thorshavn», og vart kartlagd i stor detalj frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i 1936-37. Bukta er kalla opp etter Olaf Prydz, leiar av Hvalfangernes Assuranceforening i Sandefjord i Noreg.
Den russiske Progress-stasjonen ligg ved Prydzbukta ved Larsemannfjella oase.
Den kinesiske Zhongshan-stasjonen ligg ved Prydzbukta ved Larsemannfjella oase.
Lambertbreen munnar ut i Lambert Graben og Amery isbrem på sørvestsida av Prydzbukta.
Kjelder