Prut eller Pruth (ukrainsk Прут, Prut, i antikken Pyretus eller Porata) er ei 953 km lang elv som renn gjennom Ukraina, Romania og Moldova. Ho spring ut frå Karpatane i Ukraina og renn søraustover og munnar ut i Donau nær Reni, aust for Galați.
Før 1940 og okkupasjonen av Bessarabia og Nord-Bukovina var nesten heile elva i Romania. I dag dannar 711 km av elva grensa mellom Romania og Moldova. Ho har eit nedslagsfelt på 27 500 km², der 10 990 km² er i Romania. Den største byen langs elva er Tsjernivtsi i Ukraina.