Passau er ein by i Tyskland i delstatenBayern med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla Dreiflüssestadt (Byen ved tre elvar) fordi elvane Inn frå sør og Ilz frå Bayerischer Wald munnar ut i Donau her.
10 000 av innbyggjarane i byen er studentar ved Universitetet i Passau. Universitetet vart grunnlagd seint på 1970-talet, tufta på det fleire hundreår gamle Instituttet for katolske studiar. Det er kjend i Tyskland for sine institutt innan økonomi, jus, informatikk og kulturvitskap.
Historie
Passau vart ein gamal romersk koloni i Noricum kalla Batavis, kalla opp etter ei germansk stamme kalla Batavi.
På andre halvdel av 400-talet oppretta St. Severinus eit kloster her, og i 739 grunnla den irske munken Boniface eit bispedøme i Passau, som lenge var det største i Det tysk-romerske riket.
Under renessansen og den tidlege moderne perioden var Passau eit stort senter for produksjon av sverd og andre knivvåpen i Tyskland (nest størst etter Solingen). Smedane i Passau merka klingene sine med Passau-ulven. Overtruiske krigarar trudde at Passau-ulven gjorde dei som bar sverdet usårlege, og derfor var sverda frå Passau svært ettertrakta. Som følgje av dette vart heile praksisen med å plassere magiske vern på sverda for å verne om eigaren kjend som «Passaukunsten»[1].
Frå 1892 til 1894 budde Adolf Hitler og familien hans i Passau. Arkiv i byen viser at Hitler haldt talar ved fire forskjellige tilfelle i 1920-åra her.