Provinsen Iğdır (tyrkisk Iğdır ili) er ein provins aust i Tyrkia, langs grensa til Armenia, Aserbajdsjan (Nakhtsjivan) og Iran. Naboprovinsane er Kars i nordvest og Ağrı i vest og sør. Provinsen dekkjer eit areal på 3 587 km² og 184 418 innbyggjarar[1] (2010).
Det høgaste fjellet i Tyrkia, Ararat (Ağrı Dağı) ligg i Iğdır, men mykje av provinsen består av ei vid slette nedanfor fjellet. Grensa til Armenia følgjer elva Aras.
Provinshovudstaden er byen Iğdır.
Provinsen Iğdır er delt inn i 4 distrikt (hovuddistriktet er utheva):
39°53′37″N 43°59′52″E / 39.89361°N 43.99778°E / 39.89361; 43.99778