Sjølv om fjellet ligg i Tyrkia, er det eit nasjonalsymbol for Armenia, der det ofte blir kalla Masis (Մասիս), og ein finn det i Armenia sitt riksvåpen. Ein kan sjå fjellet frå mange stader i Armenia, inkludert hovudstaden Jerevan, og det er ofte avbilda av armenske kunstnare på bilete, inngraveringar og ikkje minst på backgammonbrett.
Ararat er ein stratovulkan, danna av lava og pyroklastiske materiale, utan vulkankrater. Oppfor 4100 moh består fjellet hovudsakleg av vulkanske bergartar dekte av ei is.[3] Ei mindre kjegle på 3896 moh, Vesle Ararat, stig opp frå same massivet, søraust for hovudtoppen. Dei to fjella dekkjer kring 1000 km².[4]
Ei høgd på 5165 moh for Ararat vert framleis oppført av somme kjelder, men mange andre kjelder, som dei offentlege og verifiserbare SRTM-dataa[5] og ei GPS-måling frå 2007, syner at høgda er 5137 moh., og at den sanne høgda truleg er enno lågare under den snø- og isdekte toppen.[6]
Vulkanutbrot
Ein er ikkje sikker på når det siste utbrotet til Ararat skjedde. Det ser ut til at Ararat var aktiv på 2000-talet fvt. og ein har funne spor frå bronsealderen og leivningar av menneske under pyroklastiske straumar.[7] Ein veit derimot at Ararat vart råka av eit kraftig jordskjelv i juli 1840. Ein ustabil del av nordsida kollapsa og eit kapell, eit kloster og ein landsby vart gravlagd i steinblokkene. I følgje somme kjelder hadde Ararat då eit utbrot, men berre i grunnvassnivå.[7]