Castellón (valenciansk/katalansk Castelló) er ein provins nord i Spania, sentralt i den autonome regionen Valencia. Han grensar til provinsane Valencia, Teruel og Tarragona og til Middelhavet.
Provinshovudstaden er Castellón de la Plana (ka: Castelló de la Plana). Provinsen har om lag ein halv million innbyggjarar, der ein tredjedel bur i provinshovudstaden, to tredjedelar i storbyområdet til byen og kring 85 % langs kysten.
Andre store byar i provinsen er Villarreal, Burriana, la Vall d'Uixó og Vinaròs. Det er 135 kommunar i provinsen.
A Coruña / La Coruña • Álava • Albacete • Alicante • Almería • Asturias • Ávila • Badajoz • Balearane • Barcelona • Bizkaia • Burgos • Cáceres • Cádiz • Cantabria • Castellón • Ceuta • Ciudad Real • Córdoba • Cuenca • Gerona / Girona • Granada • Guadalajara • Guipúzcoa / Gipuzkoa • Huelva • Huesca • Jaén • Las Palmas • León • Lérida / Lleida • Lugo • Madrid • Málaga • Melilla • Murcia • Navarra • Orense / Ourense • Palencia • Pontevedra • La Rioja • Salamanca • Segovia • Sevilla • Soria • Tarragona • Santa Cruz de Tenerife • Teruel • Toledo • Valencia • Valladolid • Zamora • Zaragoza