Pet Sounds er det ellevte studioalbumet til det amerikanske popbandet The Beach Boys. Det kom ut 16. mai 1966 på Capitol Records. Albumet er av mange trekt fram som eit av dei viktigaste albuma som er gjeven ut i vestlege popmusikk og har av mange musikkmagasin vorte rangert som det beste og største albumet gjennom tidene, mellom anna av New Musical Express, The Times og Mojo.[11][12][13] I 2003 vart albumet rangert på andreplass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14] I følgje Acclaimedmusic.net er Pet Sounds det mest anerkjende albumet nokon gong av musikkjournalistar.[15]
Pet Sounds vart skapt fleire månader etter at Brian Wilson hadde trekt seg frå turnelivet med bandet for i staden å fokusere heilt på låtskrivinga.[16] Han nytta gjennomarbeidde lag med vokalharmoniar, lydeeffektar, uvanlege instrument som sykkelbjøller, summande orgel, cembalo, fløyter, theremin og hundefløyte, i tillegg til vanlege instrument som tangentinstrument og gitarar.[17]
Bakgrunn
Sporet «Sloop John B» vart spelt inn nokre månader før resten av albumet, men vart særs viktig i utviklinga av albumet. Det var ein tradisjonell karibisk folkesong som Al Jardine hadde teke med seg til bandet.[18] Wilson spelte inn instrument 12. juli 1965, men etter å ha spelt inn eit forsøk på vokal, la han songen til side ei stund og konsentrerte seg på innspelinga av det neste albumet deira, eit «live i studio»-album kalla Beach Boys' Party!.
Det som verkeleg framskunda skapinga av Pet Sounds var den amerikanske utgåva av det nye albumet til The Beatles, Rubber Soul, som kom ut i desember 1965. Wilson vart særs imponert over dette albumet og følte seg kalla til å gjere eit fantastisk album sjølv.[19]
Tidleg i januar 1966 tok Wilson kontakt med Tony Asher, ein ung tekstforfattar som hadde skrive vignettar for radio og som Wilson hadde møtt i platestudio i Hollywood nokre månader tidlegare. Ti dagar seinare skreiv dei i lag. Wilson spelte han noko av musikken han hadde spelt inn og gav han ein kassett med ferdiginnspelt lydspor for ein song med arbeidstittelen «In My Childhood». Wilson hadde skrive tekstar, men ville ikkje vise desse til Asher som tok imot musikken og skreiv nye tekstar. Resultatet fekk namnet «You Still Believe in Me» og Wilson vart overbevist om at Tony Asher var samarbeidspartnaren han hadde leita etter.
Komposisjon
Dei fleste av songane på albumet vart skriven i desember 1965 og januar 1966. Dei fleste tekstane var skriven med Tony Asher, men «I Know There's an Answer» vart skriven i lag med ein ny medarbeidar Terry Sachen.[20]
Mike Love er tilskriven som medlåtskrivar på opningssporet «Wouldn't It Be Nice» og på «I Know There's an Answer», men bortsett frå «I'm Waiting for the Day»,[20](opphavleg skriven i february 1964) hadde han minimale bidrag.[20]
Love var i lag med Dennis Wilson og Al Jardine forbløffa over den nye stilen til Brian (og tekstane til Asher) då dei kom tilbake frå ein turne i Asia for å spele inn vokal til albumet. Love var særleg opprådd over at Brian fullstendig hadde utelate «raske bilar, søte jenter og solrike strender» frå tekstane, som bandet hadde vore kjende for heilt opp til dette albumet.
Det største bidraget til Love på «I Know There's an Answer» skal visstnok ha vore at han var sterkt imot den opphavlege tittelen på songen, «Hang On to Your Ego» og at songen måtte delvis skrivast om. Den opphavlege teksten skapte oppstyr i bandet sidan han var skriven under sterk påverknad av LSD. Avgjersla om å endre teksten vart likevel teken av Brian Wilson sjølv.[21]
Albumet inneheld to sofistikerte instrumentalar, «Let's Go Away for Awhile» og tittelsporet «Pet Sounds». Begge desse hadde vorte spelt inn som instrumentalspor for eksisterande songar, men då albumet var nesten ferdig valde Wilson å ta dei med utan vokal.
Innspelinga
Wilson arbeidde raskt gjennom januar og tidleg februar 1966 med å spele inn akkompagnement for dei nye songane. Då dei andre medlemmene i bandet kom tilbake frå ein tre veker lang turne i Japan og Hawaii, vart dei presentert med ein stor del av det nye albumet og ein musikalsk stil som skilde seg kraftig frå den tidlegare stilen deira. Både Asher og Wilson har fortalt om motstand til prosjektet frå resten av bandet, men denne gongen klarte Wilson å overbevise resten av bandet.[22]
Alt akkompagnementa for Pet Sounds vart spelt inn over fire månader i dei store studioa i Los Angeles studios (Gold Star Studios, United Western Recorders og Sunset Sound) og eit ensemble av flinke studiomusikarar, mellom anna jazzgitaristen Barney Kessel, bassisten Carol Kaye og studiotrommisen Hal Blaine. Alle spora vart produsert og arrangert av Brian Wilson. Han var òg låtskrivar eller medlåtskrivar på alle songane bortsett frå «Sloop John B».
Wilson hadde utvikla produksjonsmetodane sine over fleire år og nådde høgdepunktet under innspelinga av Pet Sounds frå seint i 1965 og tidleg i 1966. Metoden til Wilson var på ein måte bygd på den kjende «Wall of Sound»-teknikken til mentoren og rivalen hans, Phil Spector. Faktisk har Wilson fortalt at han gav albumet namn etter initialane til Spector.[23] Med ein ny åttesporsopptakar frå Ampex produserte Wilson komplekse spor med ei gruppe studiomusikarar som stundom har vorte kalla The Wrecking Crew.[24]
Den typiske produksjonsmetoden til Wilson på Pet Sounds var å spele inn akkompagnementet for kvar song live og direkte på ein firesporsopptakar. Lydteknikaren hans, Larry Levine, har òg fortalt at Wilson miksa desse lydspora på direkten medan opptaket gjekk føre seg. Som Spector var Wilson ein pioner når det gjaldt å nytte «studio som eit instrument». Han utnytta kombinasjonen av forskjellige lydar frå forskjellige elektriske instrument og akkompagnementet og nytta effektar som ekko og gjenklang. Han dobla ofte bass, gitar og tangentinstrument og blanda dei med gjenklang og ofte uvanlege instrument.
Desse akkompagnementa vart så lagt ned på eit spor på eit åttesporsopptakar og sjølv om mange av arrangementa vart skjult av den rike vokalen til bandet, arrangerte Wilson songane slik at dei samhandla med vokalspora.
Sjølv om Wilson ofte hadde heile arrangementet i hovudet sitt på førehand har lydopptak frå innspelingane synt at han var usedvanleg open for forslag frå musikarane sine. Han tok ofte imot råd og forslag frå dei og let forskjellige «feil» la stå om det var slik at dei gav eit interessant resultat.
Sjølv om songane vart spelte inn i fleire spor, miksa Wilson alltid den siste utgåva av songane i mono, slik Phil Spector gjorde. Det var fleire årsaker til dette. Han følte at ein monomaster gav meir lydmessig kontroll over sluttresultat som lyttaren høyrde uansett kva høgtalarsystem lyttaren hadde. I tlilegg var radio og fjernsyn i mono i dei dagar, i tillegg til at få kjøparar hadde anna enn monoustyr i heimane sine. I tillegg var Wilson nesten døv på høgre øyre.
To dagar etter at bileta til plateomslaget var tekne, var Wilson tilbake i studio med studiomusikarane sine og la ned dei første opptaka av den nye songen sin, «Good Vibrations».[22] Rundt 23. februar gav Wilson ei sporliste av albumet til Capitol som inneheldt både «Sloop John B» og «Good Vibrations». Wilson arbeidde gjennom februar og mars med å fininnstille akkompagnementet til songane, men etter kvart tok han bort «Good Vibrations» frå spelelista, fordi han ønskte å bruke meir tid på han, noko resten av bandet ikkje var heilt einige i.[22]
Det meste av mars og tidleg april gjekk med til dei gjenverande songane og til innspelinga av vokalen, noko som var ein nitidig prosess.[22]
Utgjeving
I midten av april var Pet Sounds ferdig og gjeven til Capitol. «Caroline, No» vart gjeven ut som ein solosingel, tilskriven Brian Wilson aleine, noko som førte til spekulasjonar om at han var på veg ut av bandet. Singelen nådde 32. plass i USA.[25]
«Sloop John B» vart ein stor hit, og nådde tredjeplass i USA[25] og andreplass i Storbritannia.[26] I Noreg gjekk singelen heilt til topps. «Wouldn't It Be Nice» nådde åttandeplass i USA.[25] B-sida, «God Only Knows» gjekk heilt til andreplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg,[26] men berre 39. plass i Statane.[25] Albumet gjekk inn på Topp 10 i USA.
Pet Sounds oppnådde største suksess i Storbritannia der det nådde andreplass på albumlista.[26] Albumet fekk stor støtte av den britiske musikkindustrien. Paul McCartney talte ofte om kor mykje albumet hadde påverka The Beatles.
Som med Beach Boys' Party! klarte Pet Sounds likevel ikkje å oppnå gullplatestatus då det kom ut i USA. Dette og tiandeplassen var ein stor skuffelse for Wilson. Ein del av skulda har Capitol Records fått, som ikkje gjorde like mykje for å fremme albumet som med tidlegare album. Pet Sounds selde etter kvart såpass at det fekk gullplate og i 2000 vart det platinaplate.[27]
Nye utgåver
I 1900 kom Pet Sounds på CD med tre bonusspor, «Unreleased Backgrounds», «Hang On to Your Ego» og «Trombone Dixie».[28]
I 1997 kom boksen The Pet Sounds Sessions som inneheldt den originale monoutgåva, den første stereoutgåva og tre CDar med unytta spor og øvingar.[29] Stereomiksen vart gjeven ut på vinyl og CD i 1999 og igjen i 2001 i lag med monoutgåva og «Hang On to Your Ego» som bonusspor.[29]
I 2002 spelte Brian Wilson heile albumet på ein konsertturne og innspelingar vart gjeven ut som Pet Sounds Live.[30]
I 2006 gav Capitol ut Pet Sounds 40th Anniversary CD+DVD. Denne samlinga inneheld ein ny monomiks frå 2006, DVD-miksar (stereo og kringlyd) og ein dokumentar om innspelinga av plata.[31]
I 2008 kom ei enkel LP-utgåve på vinyl med ein kopi av det opphavlege plateomslaget.[32]
Mottaking
Albumet selde ikkje så veldig bra, men har sidan vore eit av dei viktigaste albuma som er gjeve ut. I Storbritannia vart det hylla, mellom anna av mange popstjerner som The Beatles. Dei sa at Pet Sounds hadde stor innverknad på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og Paul McCartney har fleire gonger trekt det fram som favorittalbumet hans (med «God Only Knows» som favorittsongen)[33]
I 1995, nesten tretti år etter det kom ut, stemnde ein jury som bestod av musikarar, låtskrivarar og produsentar samla saman av magasinet MOJO albumet til det største gjennom tidene. Det vart òg plassert på førsteplass på lista til New Musical Express over dei 100 største albuma. I 1997 vart Pet Sounds kalla det 26. beste albumet gjennom tidene i ei avstemming halde av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM i Storbritannia. I 2006 stemnde lesarane av Q albumet til 18. plass over dei største gjennom tidene. Kritikarar i det tyske magasinet Spex kåra albumet til det beste på 1900-talet i 2001 og TV-kanalen VH1 hadde albumet på tredjeplass. The Times kåra òg albumet til det beste gjennom tidene. Albumet ligg på 2. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene, berre bak nettopp Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band av The Beatles. I 2004 vart albumet ei av 50 plater som vart vald ut av Library of Congress for National Recording Registry.
I 2006 vart albumet vald ut av TIME som eit av dei 100 beste albuma nokon gong med ein andreplass.[35]
↑Bacon, Tony og Badman, Keith. The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band, on Stage and in the Studio. Backbeat Books, 2004, ISBN 0-87930-818-4s. 139
Gottfried LeibnizPotret oleh Christoph Bernhard Francke, 1695LahirGottfried Wilhelm Leibniz1 Juli 1646Leipzig, Elektorat Sachsen, Kekaisaran Romawi SuciMeninggal14 November 1716(1716-11-14) (umur 70)Hanover, Elektorat Hanover, Kekaisaran Romawi SuciKebangsaanGermanPendidikan Alte Nikolaischule [de](1655–1661) Universitas Leipzig (1661–1666: B.A. dalam fil., Dec. 1662 M.A. dalam fil., Feb. 1664 LL.B., Sep. 1665 Dr. phil. hab., Mar. 1666) Universitas Jena(sekolah musim pan...
Radio station in Trenton, New Jersey WNJETrenton, New JerseyBroadcast areaTrenton, New JerseyBucks County, PennsylvaniaFrequency920 kHzBranding920 ESPN New JerseyProgrammingFormatSportsAffiliationsESPN RadioOwnershipOwnerTownsquare Media(Townsquare License, LLC)Sister stationsWCHR, WPST, WKXWHistoryFirst air date1942 (as WTTM)Former call signsWTTM (1942-1998)WCHR (1998-2002)WPHY (2002-2008)WNJE (1/2008-2/2008)WCHR (2008-2013)Call sign meaningW New Jersey ESPNTechnical informationFacility ID25...
الأنا وذاتها (بالألمانية: Der Einzige und sein Eigenthum) المؤلف ماكس شتيرنر اللغة الألمانية تاريخ النشر 1844 النوع الأدبي فلسفة الموضوع لاسلطوية فردية تعديل مصدري - تعديل الأنا وذاتها (بالألمانية: Der Einzige und sein Eigenthum) هو عمل فلسفي بقلم الفيلسوف الألماني ماكس شتير
يفتقر محتوى هذه المقالة إلى الاستشهاد بمصادر. فضلاً، ساهم في تطوير هذه المقالة من خلال إضافة مصادر موثوق بها. أي معلومات غير موثقة يمكن التشكيك بها وإزالتها. (فبراير 2016) إيه آي إم-132 أسرام AIM-132 ASRAAM إيه آي إم-132 أسرام النوع صاروخ جو-جو قصير المدى بلد الأصل المملكة المتحدة فتر...
United States government office Under Secretary of the ArmySeal of the DepartmentFlag of the Under SecretaryIncumbentGabriel Camarillosince February 8, 2022United States Department of the ArmyStyleMr. Under SecretaryReports toSecretary of the ArmyAppointerThe Presidentwith Senate advice and consentTerm lengthNo fixed termFormationSeptember 18, 1947First holderWilliam Henry Draper Jr.Succession18th in SecDef successionSalaryExecutive Schedule, level IIIWebsitewww.army.mil The United State...
Penyuntingan Artikel oleh pengguna baru atau anonim untuk saat ini tidak diizinkan hingga 30 Desember 2025.Lihat kebijakan pelindungan dan log pelindungan untuk informasi selengkapnya. Jika Anda tidak dapat menyunting Artikel ini dan Anda ingin melakukannya, Anda dapat memohon permintaan penyuntingan, diskusikan perubahan yang ingin dilakukan di halaman pembicaraan, memohon untuk melepaskan pelindungan, masuk, atau buatlah sebuah akun. Logo GPR TV Government Public Relation TV (Government Pub...
Indonesian far-right paramilitary organization You can help expand this article with text translated from the corresponding article in Russian. (August 2021) Click [show] for important translation instructions. View a machine-translated version of the Russian article. Machine translation, like DeepL or Google Translate, is a useful starting point for translations, but translators must revise errors as necessary and confirm that the translation is accurate, rather than simply copy-pasting...
Kenyan-born British model Malaika FirthFirth walking for Michael Kors Spring/Summer 2014 during New York Fashion WeekBorn (1994-03-23) 23 March 1994 (age 29)[2]Mombasa, KenyaNationalityBritish KenyanChildren1Modeling informationHeight1.74 m (5 ft 8+1⁄2 in)Hair colorBlackEye colorBrownAgency Marilyn Agency (New York) Oui Management (Paris) Women Management (Milan) Premier Model Management (London) R1 Mgmt (Barcelona) Le Management (Copenhagen, Stockholm) Model...
Chief Secretary of Assam of Government of AssamIncumbentPaban Kumar Borthakursince 1 September 2022StyleThe HonourableReports toGovernor and Chief ministerAppointerChief Minister of AssamInaugural holderP.C. LyonFormation16 October 1905(118 years ago) (1905-10-16) The Chief Secretary of Assam is the most senior civil servant in Assam. The secretary acts as the ex-officio Secretary to the Council of Ministers, therefore is also known as Secretary to the Cabinet. The Chief secret...
Historic building in Portland, Oregon, U.S. United States historic placePackard Service BuildingU.S. National Register of Historic PlacesU.S. Historic districtContributing propertyPortland Historic Landmark[2] The Packard Service Building in 2015Show map of Portland, OregonShow map of OregonShow map of the United StatesLocation121 NW 23rd AvenuePortland, OregonCoordinates45°31′27″N 122°41′55″W / 45.524229°N 122.698715°W / 45.524229; -122.698715Built...
For the poet, see Bob Kaufman. This article's tone or style may not reflect the encyclopedic tone used on Wikipedia. See Wikipedia's guide to writing better articles for suggestions. (April 2021) (Learn how and when to remove this template message) American basketball player and coach Bob KauffmanKauffman in 1969Personal informationBorn(1946-07-13)July 13, 1946Brooklyn, New York, U.S.DiedJuly 25, 2015(2015-07-25) (aged 69)Lilburn, Georgia, U.S.Listed height6 ft 8 in (2.03 ...
Le rattachisme ou réunionisme est un courant politique irrédentiste[1] au sein du mouvement wallon prônant la sécession de la Belgique par la Wallonie (voire également par la Région de Bruxelles-Capitale) et sa réunion à la France. Drapeau français marqué en son centre du coq wallon qui est utilisé par les partisans de la réunion de la Wallonie à la France. Nom Le mot rattachisme est un belgicisme datant de 1830[2]. Les rattachistes préfèrent cependant parler de réunionisme, s...
This article does not cite any sources. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Kamuning station – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (December 2009) (Learn how and when to remove this template message) Kamuning3General informationOther namesGMA–KamuningLocationEDSA, South Triangle and Pinyahan Quezon City, Metro ManilaPhilippinesOwned byMetro Ra...
National Touch League (NTL)League logoSportTouch FootballFounded1997AdministratorTouch Football AustraliaVenue(s)Coffs Harbour International StadiumOfficial websiteNational Touch League The National Touch League is a national-wide domestic competition for the sport of Touch Football in Australia. The annual four-day competition allows thirteen regional permits from across Australia to compete in twelve divisions including Open, Mixed and Senior categories. The competition is split into a Seni...
لمعانٍ أخرى، طالع الناعورة (توضيح). الناعورة الإحداثيات 32°36′51″N 35°23′28″E / 32.614291666667°N 35.390997222222°E / 32.614291666667; 35.390997222222 تقسيم إداري البلد فلسطين التقسيم الأعلى مجلس جلبوع الإقليمي خصائص جغرافية ارتفاع 125 متر عدد السكان عدد السكان 2393 (20...
New Brighton Plaats in Engeland Situering Regio North West England Graafschap Merseyside Coördinaten 53° 26' NB, 3° 3' WL Algemeen Inwoners 14.450 Overig Postcode(s) CH45 Netnummer(s) 0151 Grid code SJ302934 Post town WALLASEY Website Officiële website Portaal Verenigd Koninkrijk New Brighton is een Engelse badplaats en maakt deel uit van de grotere plaats Wallasey in het district Wirral. Tijdens de Britse volkstelling in 2001 had de plaats 14.450 inwoners. In het centr...
Optimus Prime Optimus Prime Generation 1 -muodossa sarjakuvassa. Ensiesiintyminen The Transformers (1984) Henkilötiedot Koko nimi Optimus Prime Asema Autobottien johtaja Ryhmäsidokset Primet, Autobotit Sukupuoli Mies Muuntautumismuodot KenworthAjoneuvoyhdistelmäPaloautoPeterbilt 379Western Star Näyttelijä(t) EnglantiPeter Cullen (1984–1987, 2007, 2009–2018, 2023)Neil Kaplan (2001–2002)Gary Chalk (2002–2006)David Kaye (2007–2009)SuomiPekka Lehtosaari (2003-2006, 2012-)Sami Kuro...
هذه قائمة بالأفلام المصرية لسنة 1938 مرتبة أبجدياً اسم الفيلم إخراج وكتابة بطولة مصدر ساعه التنفيذ اخراج : يوسف وهبي تاليف : يوسف وهبي يوسف وهبي أمينة رزق سراج منير زوزو نبيل زينات صدقي محمود المليجي [1] نفوس حائرة اخراج : أحمد مظهر تاليف : أحمد مظهر ميرفت أمين شف�...