Barney Kessel (17. oktober1923–6. mai2004) var ein USA-amerikansk jazzgitarist. Han var særleg kjend for den store kunna i akkordar og inversjonar og akkordbaserte melodiar. Han var medlem av fleire jazzgrupper og vart mykje nytta som studiomusikar og til film- og fjernsynsmusikk. Kessel var medlem av ei gruppe studiomusikarar som uformelt vart kalla The Wrecking Crew.
Biografi
Kessel byrja karrieren sin som tenåring og turnerte med lokale danseband. Då han var 16 år spelte han med Hal Price & the Varsitonians. Han gjekk så vidare til band som bandet leia av Chico Marx. I 1944 deltok han i filmen Jammin' the Blues, med Lester Young, og i 1947 spelte han med Charlie Parker's New Stars på Relaxin' at Camarillo-innspelinga for Dial Records.[1] Han vart kåra til den beste gitaristen av Esquire, Down Beat og Playboy i undersøkingar mellom 1947 og 1960.[2]
Kessel er kjend for det nyskapande gitararbeidet i triosettingar. I 1950-åra laga han ei rekkje album kalla The Poll Winners med Ray Brown på bass og Shelly Manne på trommer. Han var òg gitarist på albumet Julie Is Her Name (1955) av Julie London, som inneheld standarden «Cry Me a River». Denne songen vart ein stor hit med gitar av Kessel, der han syner den melodiske akkordstilen å spele på i ei lita jazzgruppe.[3] I 1950-åra gav han ut tre Kessel Plays Standards-album md noko av det mest polerte arbeidet hans.
Kessel vart mykje nytta som studiogitarist av Columbia Pictures i 1960-åra og vart ein av dei mest etterspurte gitaristane i Amerika, og vert rekna som eit viktig medlem i gruppa av studiomusikarar ein kalla The Wrecking Crew. Han spelte på hundrevis av kjende popinnspelingar med album og singlar for Phil Spector, The Beach Boys, The Monkees og mange andre. Han spelte ein jazzgitarist kalla «Barney» i ein episode av Perry Mason.
Kessel var gift med B.J. Baker. Dei skilde seg i 1980. Sønene til Kessel, David og Daniel, vart òg studiomusikarar, og arbeidde med Phil Spector i 1970-åra.[5]