James Edward Burton (fødd 21. august 1939) er ein USA-amerikansk gitarist. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001[2] (av Keith Richards) og er òg i Rockabilly Hall of Fame og Musicians Hall of Fame and Museum. Musikkjournalisten Mark Demming skreiv at «Burton har eit velfortent rykte som ein av dei flinkaste gitaristane i både country og rock. Burton er ein av dei meste gitaristane som nokon gong har rørt ein gitar.»[3]
Sidan 1950-åra har Burton sppelt med mange kjende songarar, som Bob Luman, Dale Hawkins, Ricky Nelson, Elvis Presley (og var leiar i Presley sitt TCB Band), The Everly Brothers,[4] Johnny Cash, Merle Haggard, Glen Campbell, John Denver, Gram Parsons, Emmylou Harris, Judy Collins, Jerry Lee Lewis, Claude King, Elvis Costello, Joe Osborn, Roy Orbison, Joni Mitchell, Townes Van Zandt,[5] Steve Young, Vince Gill, Suzi Quatro og Allen «Puddler» Harris.
Kjelder
Bakgrunnsstoff