Per Daniel Holm
Per Daniel Holm[1] (fødd 11. september 1835 i Malingsbo, daud 7. august 1903 i Stockholm) var ein svensk målar kjend for landskapsmåleria sine. ![]() LivHolm var son av Alexander Holm, som var kyrkoherde i Järnboås församling, og Christina Elisabeth Askergren. Han var elev ved Teknologiska institutet til 1855, og var maskinteikna ved Köping-Hults jernbane i 1856. Kort tid seinare blei han teikna ved Vetenskapsakademien sitt zoologiske museum. 1858–63 var han elev ved Konstakademien, der han studerte landskapsmåleri hjå Nils Andersson. Han drog også på studiereiser i Nord-Sverige og Noreg. I 1862 vann han ein kongeleg medalje for eit landskapsbilde frå Lappland. 1864–67 studerte han i Düsseldorf, München, Karlsruhe og Paris. I 1871 blei Holm medlem av Konstakademien. Han bei utnemnd til viseprofessor i 1873 og professor i 1881. Same året blei han konservator ved Nationalmuseum i Stockholm. I 1900 gjekk han av som professor. Verk![]() Holm er kjend for skisser og måleri av natur frå Bergslagen, Norrland og Lappland. Av oljemåleria hans eig den svenske staten Landskap från Kvickjock (1869, deponert i Uppsala universitetshus), Utsikt i Nora bergslag (1869, deponert i riksdagshuset) og Svenskt skogslandskap (1870, Nationalmuseum[2]). Han er representert i Stadsmuseet i Stockholm. Holm laga også teikningar til fergetrykka i C.A. Pettersson sitt verk Lappland (1864-1966). Kjelder
Bakgrunnsstoff |