Olesh (hebraisk skrift עֹלֶשׁ, עולש, tyder Sikori ) er ein moshav sentralt i Israel . Han ligg på Sharonsletta og høyrer til Heferdalen regionale kommune . I 2006 hadde han eit folketal på 796.
Moshaven vart grunnlagd i 1951 av immigrantar frå Romania og heitte først Be'erotayim Bet . Han fekk seinare namnet Olesh på grunn av dei mange sikori -plantene som veks i området. Moshaven vart bygd på landområde sør for den palestinsk-arabiske landsbyen Qaqun , som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 .[ 2]
I 1953 tok han i mot immigrantar frå Nord-Afrika og i 1965 nye innbyggjarar frå Beit She'an . Seint i 1990-åra vart storleiken til landsbyen dobla etter ein utvidingsplan.
Kjelder