Givat Haim (Meuhad) (hebraisk skrift גבעת חיים (מאוחד), tyder Haimåsen) er ein kibbutz nær Hadera i Israel. Han ligg i Heferdalen regionale kommune.
Historie
Han vart grunnlagd i 1952 av ein ideologisk splitt i kibbutzen Givat Haim (grunnlagd 1932), der Mapai-støttespelarane drog bort for å grunnleggje Givat Haim (Ihud), medan Mapam-støttespelarane grunnla Givat Haim (Meuhad). I dag høyrer begge kibbutzane til Kibbutzrørsla.
Økonomi
I tillegg til jordbruk ligg Prigat, eit stort mineralvasselskap i Israel, i kibbutzen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff