Ahituv (hebraisk skrift אֲחִיטוּב) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Hadera og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 010.[1]
Moshaven vart grunnlagd i 1951 av immigrantar frå Iran og Irak.
Namnet til Ahituv kjem frå Ahituv ben Pinchas, son av Eli, som er nemnt i 1 Samuelsbok 14:3, i tillegg til Ahitub, far til Zadok som salva Salomo til konge, nemnt i 2. Samuelsbok 8:17 og i 1. Kongebok 1:39.