Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne namneforma var Ólafr eller Óláfr, av urnordisk *anu-laiƀaR, samansett av anu- ‘ane, forfader’ og -laiƀaR , 'etterkomar, arving' (Stemshaug 1982). Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn.
Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Olav og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Olaf eller Olof.
På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus (med eller utan tødlar over «u»). Døme på dette er Olaf Petersson (ein tilhengjar av Martin Luther), som på latin er kjend som Olaus Petri. Olaus Petri var ein av dei fremste preikarane i Sverige i tida kring reformasjonen.