Olav Magnusson (1099–22. desember 1115) var konge av Noreg frå 1103 til 1115.[1] Olav var son av kong Magnus III Berrføtt, og vart teken til konge saman med dei eldre brørne Øystein I Magnusson og Sigurd I Magnusson Jorsalfar. Han døydde 15 år gamal.
Olav Magnusson er den fjerde kongen i den norske kongerekka med namnet Olav, men han står unummerert. Olav IV av Noreg var konge nesten 300 år seinare.