Håkon Magnusson var son av Magnus VI Lagabøte og Ingeborg Eriksdotter. Han var formelt hertug frå 1273, då han var tre år gammal, reelt truleg frå 1284, då han var 14.[1]
Hovudskallane til Kong Håkon V og dronning Eufemia vart overførte til Akershus festning i 1982.[3] Dei er sette i muren under Slottskapellet der.[1]
Regjeringstid
Håkon V såg si kongsgjerning i eit kristent perspektiv. Han gav påbod om å laga overnattingsstadar for pilegrimar på veg til Nidaros.
I Mariakyrkja i Oslo fanst eit Håkons-alter,[4] og det vert fortald at kongen heilt til inn i på 1500-talet vart halden for å vera ein helgen.
Håkon Magnusson flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Oslo og bygde dei utanrikspolitiske linene sine austover. Det gjekk mot den lina den tidlegare kongemakta hadde følgd, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halde på og sikre «noregsveldet». Då han tok makta etter Eirik II Magnusson sørgde han òg for å fjerne medlemmer frå det tidlegare kongsrådet, mellom anna baronAudun Hugleikson Hestakorn, som vart arrestert like etter kroninga og sidan hengd på Nordnes i Bergen tre år seinare, i 1302.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024