Olav Bratland (fødd 13. mars 1944) er ein norsk politikar som representerer Høgre. Han var ordførar i Stordal kommune frå 1994 til 2003 og leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkesting frå 1999 til 2003. Bratland var gruppeleiar i Møre og Romsdal fylkesting frå 2003 til 2007, og sat då i nærings- og miljøutvalet. Bratland tok over som fylkesordførar 22. oktober 2007. Då gjekk han samtidig av som leiar i Møre og Romsdal Høgre og overlét vervet til 1. nestleiar Elisabeth Røbekk Nørve.
Bakgrunnsstoff