Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Vestland. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen, ligg ved Norheimsund.
Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og har om lag 50 butikkar og fleire tenester. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi. Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 vann Norheimsund Statens pris for attraktiv stad. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.[1]
Delen av Hardanger der Norheimsund ligg er fruktbar, og det har truleg budd folk her heilt sidan siste istida. Helleristingar i området er datert til om lag 4000 fvt.
Bybrannen i Bergen gjer at registreringar før 1600-talet er mangelfulle. Det er ingen registreringar som er att frå før 1300-talet. Den tidlegaste dokumentasjonen er ei rettssak om naustrekkja på Sandven som er dokumentert tilbake til midten av 1300-talet.
Klyngjetun er ein byggeskikk som går tilbake til vikingtida, og fanst i Norheimsund fram til utskiftingane frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet. Klyngjetun danna eit vern mot ytre fiendar samstundes som dei var ein effektiv måte å nytta ressursar på. Dei var likevel utsette for brann, og både klyngjetunet i Botnen og på Steine brann ned på 1800-talet og førte til utflytting. På Fykse er mykje av det gamle klyngetunet bevart den dag i dag.
På naustplassen for gardane i Steinsdalen vart det i 1850-åra etablert handel og hotell. Sentral i dette var Nils Skutlaberg som seinare tok namnet Nils Sandven. Her vart det bygd opp eit sentrum kalla «Grova».
Den fyrste brua over Straumen vart teken i bruk i 1876.[2] Restane av brustolpane kan ein enno sjå på vestsida av noverande bru. Bogebrua i stein vart bygd i 1909. Fylkesveg 7 går i dag over ei betongbru som vart bygd på 1970-talet.
Vegen over Tokagjelet mot Bergen vart påbyrja i 1900 og stod ferdig i 1907. Arbeidet vart utført ved at arbeidarane vart firt ned frå fjellet og hang ut frå fjellsida. Hammar og meisel var også festa med tau.
Heile det sentrale butikkstroket i Norheimsund vart lagt i oske under ein storbrann fredag 7. oktober 1932. Senteret vart bygd opp igjen i ein funksjonalistisk arkitektur i tida 1932 til 1934.
Etter krigen har tettstaden stadig vorte bygd ut med fleire innbyggjarar og fleire verksemder og butikkar. I 1986 budde det 1 648 menneske i Norheimsund, i 1999 hadde talet auka til 1 987 og i 2005 til 2 146. I 2013 hadde Norheimsund og Øystese vokse saman Det samla folketalet for desse bygdene var 4 399 i 2019.
Kvam rådhus - Statuen framfor rådhuset er Jenta med fuglen av Øystein J Laupsa.
Norheimsund Gjestebrygge.
Restar av ei tysk maskingeværstilling frå den andre verdskrigen.
Norheimsund sentrum vert kalla Grova.
Norheimsund stadion.
Anna
Norheimsund sentrum blir kalla Grova, og ei nemning på folk frå Norheimsund er grovalark. Dette var tidlegare ei nedsettjande nemning men er no nøytral.
Det har ofte vore bygdestrid mellom Norheimsund og «tvillingbygda» Øystese. Sist blussa dette opp då Kvam heradsstyre i 2006 røysta for at ungdomsskuleelevane i bygdene skulle samlast i Kvam ungdomsskule i Øystese.