Nikolajevsk (russisk Никола́евск) er ein by i Volgograd oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre breidda (austsida) av elva Volga, rundt 160 km nordaust for Volgograd.
Busetnaden vart grunnlagd i 1747 som ein khutor (landsby) med namn Dmitrijev, som vart endra til ein sloboda i 1794 kalla Nikolajevskaja sloboda. Han fekk bystatus i 1967 og namnet vart samstundes endra til det noverande Nikolajevsk.