Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk. Ved folketeljinga i 2010 hadde han 22 752 innbyggjarar.
Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolaj I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.
Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.
Under den russiske borgarkrigen fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jorda og massakrerte den japanske minoriteten i byen.