Leninsk (russisk Ле́нинск) er ein by i Volgograd oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre breidda av elva Akhtuba, rundt 50 km aust for Volgograd.
Han vart grunnlagd i 1802 som landsbyen Prisjibinskoje (russisk: Пришибинское), seinare endra til Prisjib (russisk: Пришиб). Namnet på landsbyen vart endra til Leninsk i 1919. Han fekk bystatus i 1963.